Beskriving av berekraftsmåla til FN 

Ressursen er utviklet i samarbeid med FN-sambandet.


Ingen skal vere fattige

ikoner av personer i alle aldre

Altfor mange menneske lever i ekstrem fattigdom. For å kjempe mot fattigdom må alle menneske ha lik tilgang til skule, arbeid og helsehjelp. I tillegg må det vere mindre forskjellar mellom fattige og rike – vi må fordele pengane betre, både i land og mellom land.   


Ingen skal svelte

Illustrasjon av en suppebolle med varmt innhold

Mange menneske er råka av svolt, og for kvart år blir det fleire og fleire. Halvparten av alle barn som døyr, døyr fordi dei et feil mat eller for lite mat. Derfor må vi sørgje for at alle menneske får den maten dei treng. 


God helse til alle 

Illustrasjon av en livslinje med et hjertet

I heile verda blir folkehelsa stadig betre. Det er fleire som blir vaksinerte, og folk lever lenger enn før. For å nå målet om god helse til alle må alle menneske få den helsehjelpa og dei medisinane dei treng.  


Alle skal få god undervising på skulen 

Illustrasjon av en bok og en blyant

Det er heldigvis mange fleire barn som får gå på skule i dag enn tidlegare. Likevel er det framleis altfor mange barn som ikkje kan lese og skrive. Derfor må landa i verda jobbe vidare for at alle barn får dei same høva til god og gratis utdanning.  


Jenter og gutar skal ha likt høve til eit godt liv 

Illustrasjon en tegnet for kjnønn med erlikhetstegn i midten

Alle menneske har dei same rettane. Likevel er det fleire kvinner enn menn i verda som er fattige. Det er òg fleire gutar enn jenter som får går på skule. For å nå målet om likestilling må både jenter og gutar få tilgang til utdanning, helsehjelp og løna arbeid.  


Alle skal ha reint vatn og trygge toalett 

Illustrasjon ev vannbeger som tømmes

Det finst nok ferskvatn på planeten, men ikkje alle har tilgang på reint drikkevatn. Kvart år døyr millionar av menneske av sjukdomar dei får fordi dei ikkje har tilgang til reint vatn og toalett. Derfor må vi byggje vatn- og kloakksystem der dette manglar.   


Alle skal kunne bruke straum som ikkje skadar lufta og jorda 

Illustrasjon av en sol med en på- knapp i midten

Vi menneske treng energi til blant anna lys, varme og matlaging. I dag brukar store delar av befolkninga forureinande energi til matlaging, og blir utsette for farleg luftforureining. Vatn, vind og sol er fornybare energikjelder og kan bidra til å nå målet om berekraftig utvikling.   


Alle må ha trygge jobbar og tene nok. 

Illustrasjon av en graf som går oppover

Mange opplever ein arbeidsplass som ikkje tar omsyn til tryggleiken og rettane til arbeidarane. Barn blir utsette for barnearbeid eller tvangsarbeid. For å utrydde fattigdom og kjempe mot ulikskap i verda må alle ha trygge og rettferdige jobbar.   


Vi må finne opp nye ting og byggje gode system 

Illustrasjon av 4 kuber som stables

Gode system for trafikk, flyplassar, jernbane, vassrøyr, kloakk, søppelanlegg, energi og internett er nødvendige for at eit samfunn skal fungere. For å nå dette målet må vi sjå korleis alle land kan utnytte sine ressursar og sin industri best mogleg.  


Det må bli mindre forskjell mellom fattige og rike 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 10. Tegning av en firkant med et er-lik-tegn inni.. Tekst: Mindre ulikhet

I dag er det større forskjellar mellom fattige og rike enn nokon gong før. Det er store ulikskapar både inne i eit land og mellom land. For å nå målet om mindre ulikskap må alle få lik tilgang til skule og helsehjelp. I tillegg må ressursane fordelast meir rettferdig.   


Byane i verda må ta vare på både menneska og jorda 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 11. fire forskjellige hus eller bygninger. Tekst: Byer og lokalsamfunn

Meir enn halvparten av befolkninga i verda bur i dag i byar. Mange byar veks så fort at det ikkje er jobbar og hus nok til alle. Vi må byggje berekraftige byar slik at dei tar omsyn til folk sine behov samtidig som vi ikkje skadar klimaet.  


Vi må ikkje lage og bruke meir enn vi treng  

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 12. Tegning av en pil som er formet som tegnet for uendelig. Tekst: Ansvarlig forbruk og produksjon

I dag forbrukar vi mykje meir enn det kloden toler. Vi kastar en tredel av maten som blir laga. For at vi skal kunne leve godt både i dag og i framtida må vi endre livsstil og forbruke mindre. Det er nødvendig at både enkeltmenneske og bedrifter brukar mindre og tar vare på klimaet.  


Alle land må jobbe saman for å stoppe klimaendringane 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 13. Tegning avjordkloden. Tekst: Stoppe klimaendringene

Måten vi menneske lever på øydelegg klimaet. Det blir varmare vêr, polane smeltar, havet stig og naturkatastrofar og ekstremvêr blir vanlegare. Det er dei fattigaste landa som blir hardast råka. Alle land må jobbe saman for å sleppe ut mindre klimagassar. I tillegg må vi hjelpe dei landa som blir skada av klimaendringane.  


Livet under vatn skal behandlast på ein god måte 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 14. Tegning av en fisk som svømmer. Tekst: Livet i havet.

Livet på jorda er avhengig av havet. Temperaturen, strøymingane og livet i havet gjer at vi menneske kan leve på jorda. Derfor må vi verne om livet i havet, i staden for å forsøple og forureine  det.  


Livet på land skal behandlast på ein god måte 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 15. Tegning av et tre og noen fugler som flyr. Tekst: Livet på land

Store delar av jordoverflata er skog. Skogen er heim til dei aller fleste dyra, og ei kjelde til mat for både dyr og menneske. For å ta vare på livet på land må vi verne om regnskogane, plante fleire tre og passe på at ørkenane på jorda ikkje spreier seg. Vi må også beskytte og ta vare på utryddingstruga artar.   


Det skal vere fred og rettferd i heile verda 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 16. Tegning av en hvit due som har en kvist i nebbet og sitter på en hammer. Tekst: Fred, rettferdighet og velfungerende institusjonerog

Utan fred og rettferd er det umogleg å skape ein berekraftig utvikling. I dag er fleire menneske på flukt enn nokon gong før. For å nå målet om fred og rettferd må verda skape fredelege samfunn som tar vare på alle.  


Rike og fattige land skal samarbeide 

Ikon. FNs bærekraftsmål nummer 17. Tegning mange ringer som delvis overlapper hverandre. Tekst: Samarbeid for å nå målene-

For at alle land skal klare å nå berekraftsmåla, er det viktig med samarbeid. Myndigheitene, bedriftene og alle innbyggjarane må samarbeide både i sitt eige land og med andre land. FN meiner at ein slik felles innsats med tydelege mål gir resultat.