Symjing i skulen

I faget kroppsøving skal elevane ha opplæring i symjing inne og ute. Gjennom ulike aktivitetar skal eleven lære å bli trygg i, ved og på vatn.   

Inne skjer opplæringa i basseng. Gutar og jenter har opplæring saman, men skiftar til badetøy i kvar sin garderobe. I garderoben kler ein av seg og dusjar før ein tek på badetøy. Eleven må ha med såpe, handkle og badetøy (badedrakt/burkini/ badebukse/badeshorts).     

Ute skjer opplæringa i saltvatn eller ferskvatn. Gutar og jenter har opplæring saman, men skiftar til badetøy kvar for seg. Badetøyet varierer med årstidene.

I opplæringa utviklar elevane ferdigheiter innan symjing, førebygging og handtering av situasjonar ved og i vatn. Dette er viktige ferdigheiter å ha når ein badar saman med vener på fritida.     

Som forelder/føresett er du viktig for opplæringa til eleven. Ta kontakt med skulen dersom du har spørsmål om opplæringa.   


For meir informasjon om symjeopplæringa i skulen sjå symjedyktig.no

Skrivet er utvikla av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i samarbeid med Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring. Illustrasjonar av Thomas Madsen.