Dialogkort på foreldremøte

Denne ressursen er utarbeida av DEMBRA og tilrettelagt med lyd og tekst på fleire språk av morsmål.no.

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Feire bursdag


Bornet ditt skal feire bursdag, men har ikkje lyst til å invitere alle.
Korleis kan du snakke med bornet ditt om dette?
Bør bornet sjølv få bestemme kven det vil invitere i bursdagen sin?
Kva for fordelar og ulemper har felles reglar for bursdagsfeiring?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Dra i bursdag


Bornet ditt er invitert i bursdag, men har ikkje lyst til å dra.
Bør borna sjølv bestemme om dei vil gå i bursdag? Når er det ok/ikkje ok?
Korleis kan du snakke med bornet ditt om dette?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

«It takes a village to raise a child»

(det skal ein heil landsby til for å oppdra eit born)

Diskuter korleis uttrykket kan vere relevant for din rolle som føresett i denne klassa/på denne skulen?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Når ditt born utestenger


Du får tilbakemelding frå læraren om at ditt born utestenger eller snakkar stygt om andre born. Korleis kan føresette bidra i ein slik sak?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

«Alle må leike med alle.»


Må alle leike med alle? Korleis kan me støtte borna i å finne balansen mellom det å ha «sin gjeng» og å tilhøyre eit større fellesskap?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Korleis snakke med bornet ditt


Korleis kan du snakke med bornet ditt om korleis både ditt og andre born har det på skulen?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Kva påverkar born sin trivsel?


Korleis kan det tenkast at andre born sin trivsel påverkar ditt eige born sin trivsel? Gje døme og diskuter korleis born sin trivsel kan påverke andre born og klassemiljøet i sin heilskap både positivt og negativt.

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Tilhøyrsle og inkludering


«Når eit born ikkje gjeng på fritidsaktivitetane som dei andre gjeng på, så er det vanskeleg å inkludere dei.»
Diskuter utsagnet. Kva kan gjerast for at desse borna likevel opplever tilhøyrsle og inkludering?
Kan me skape møteplassar og aktivitetar som byggjer fellesskap på tvers?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Trivsel på skulen


Korleis ynskjer du at ditt eige born skal ha det på skulen? Kva kan du gjere for at andre sine born òg skal ha det slik? På kva for måtar bør me vaksne blande oss inn i borna sitt sosiale liv etter kvart som dei vert eldre? På sosiale medium? I den fysiske røyndommen?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Fordommar


Me har alle fordommar om andre menneskje basert på antakingar om gruppetilhøyrsle, som til dømes «bråkegutar», «dramaqueens», «nerdar», og «innvandrarar». Fordommar kan styre vår forståing av ei gruppe på ein negativ måte og hindre kontakt og kommunikasjon. Korleis kan me føresette bidra til å gjere borna våre klare over fordommane sine, slik at desse ikkje fører til negative oppfatningar/handlingar?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Bli kjend (føresette)


For å skape eit trygt og godt klassemiljø er det ein fordel at føresette vert kjend på tvers av etablerte grupper. Korleis kan FAU/skulen leggje til rette for at det skal skje? Kva kan du gjere for å verte kjend med føresette du ikkje kjenner så godt frå før?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Ekskludering


Du får høyre at ekskludering er eit stort problem i klassa til bornet ditt. Korleis kan du snakke med bornet ditt om dette? Kva kan du konkret gjere for å vere ein god rollemodell når det gjeld inkludering?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Aksept for forskjelligheit


Korleis kan me snakke med borna våre for å skape aksept for forskjelligheit? (Med tanke på religion, legning, kjønn, hudfarge, språk, funksjonsevne, utsjånad, interesser og veremåtar etc.) På kva for måtar kan dette vere utfordrande?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Bli kjend (born)


Finnast det gode grunnar til å utfordre bornet ditt til å verte kjend med og leike med born det vanlegvis ikkje leikar med? Korleis kan du tilretteleggje for dette?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Når det gjeld ditt born


Korleis ynskjer du at andre føresette skal reagere om dei ser ugrei oppførsel frå ditt born? Er det greit at dei irettesett ditt born? I så fall korleis? Ynskjer du at andre føresette seier i frå til deg i slike situasjonar?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Tenk deg at du var lærar


Korleis ville du ynskt at dei føresette i klassa reagerar når det vert gjort klar over ugrei oppførsel på skulen?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Ekskluderande språkbruk


Utover skjellsord, kva for andre former for språkbruk (verbalt og kroppsleg) brukar born, som kan verke ekskluderande på andre?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Skjellsord

Skjellsordbruk blant born er ein utfordring mange føresette opplev. Kva for skjellsord kjenner du til at brukast? Kvifor brukast akkurat desse orda? Kor kjem dei frå? Kva betyr dei, og korleis kan dei verke på den enkelte og på klassemiljøet?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

«Slem»


Bornet ditt fortel om ein medelev som stadig oppfattast som «slem». Korleis snakkar du med bornet ditt om denne medeleven? Kva er det viktig å finne ut av, kva er det viktig å seie?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Inkluderande språk


Nokre gonger har me behov for å skildre andre menneskje. Me kan til dømes snakke om «dei norske» og «dei utanlandske». Kven tenkjer me på når me snakkar om «dei norske»?. Kva seier dette om ulike oppfatningar om det å vere norsk? Korleis kan det opplevast for born å verte definert utanfor dette fellesskapet? Kan språket vårt i nokre tilfelle verte meir inkluderande?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

«Det er berre på tull»


Du høyrer at bornet ditt brukar «homo» som skjellsord. Bornet forklarar etterpå at: «Det er berre tull, det er slik me snakkar.» Kva svarar du? Finnast det grenser for tull? Kor går grensa? Kva kan slik språkbruk gjere med den enkelte og med klassemiljøet?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Hudfarge


To jenter sit og fargelegg saman. Den eine som har ljos hud, spør: «kan du sende med hudfargen?», medan ho peikar på den ljos beige fargeblyanten. Den andre jenta som har mørk hud, gjev ho fargeblyanten. Korleis kan det tenkjast at dette opplevast av jenta med mørk hud? Born og vaksne som omtalar den ljosbeige fargeblyanten som «hudfargen» meiner ikkje noko vondt med det. Men bør me likevel snakke med borna om dette? Kva kan me eventuelt seie?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Forskjelligheit


Når borna byrjar på skulen, vert både born og føresette tvinga til å forhalde seg til nye menneskje, som dei kanskje ikkje ville blitt kjend med elles. Korleis kan du bidra til å lage eit godt fellesskap for alle dei ulike borna og føresette i din klasse/på din skule?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Skulemiljø


Kva vil det seie å ha eit trygt og godt skulemiljø? Korleis ser det ut når alle elevar føler seg inkludert?
Korleis kan kvar einskild elev bidra til eit trygt og godt skulemiljø?

norsk (nynorsk)


Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Føresette sitt ansvar for klassemiljøet


Føresette sitt ansvar for klassemiljøet
Kva for ansvar har føresette når det gjeld klassemiljøet? Kva inneber eventuelt dette ansvaret? På kva for måte kan føresette påverke?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Å vere «norsk»


Ein dialog føregjeng mellom ein gut og ei jente som ikkje kjenner kvarandre: Jenta spør: «Kvar er du frå?» Guten svarar: «Kenya» Mora til guten overhøyrde samtala og spør etterpå sonen sin: «Kvifor sa du Kenya når du er i frå Hammerfest?». Sonen svarar: «Når eg seier Hammerfest, så godtek aldri folk svaret….» (Guten er fødd og oppvaksen i Noreg. Pappaen er frå Kenya, mora er frå Noreg). Spørsmålet er kanskje ikkje vondt meint, men korleis kan dette opplevast av guten? Kva seier dette om ulike oppfatningar av det å vere «norsk»? Korleis kan språket vårt verte meir inkluderande?

norsk (nynorsk)

Snakkebobler i grønt, hvitt og blåtyt på lyseblå bakgrunn

Borna sitt språk


Born brukar gjerne eit anna språk enn oss vaksne. På kva for måtar skil borna sitt språk seg frå vårt på ein positiv måte? Kom med døme. Kvifor tenkjer du «dette språket» brukast? Kor kjem det frå? Kva tyder det?

norsk (nynorsk)