Økosystem

Denne teksten om økosystemet finst på fleire språk. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå åleine, men at dei kan brukast i innleiande arbeid med temaet. 

Teksten kan, for eksempel, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk. 

Bla nedover for å finne fleire ressursar 


Eit økosystem er samspelet mellom levande organismar og miljøet dei lever i. Det finst mange forskjellige økosystem på jorda. Storleiken på økosystema varierer. Nokre økosystem er små, for eksempel ein vassdam. Andre økosystem er store, som for eksempel myr, ørken, innsjø, hav og skog. 

Abiotiske faktorar 

Det som er ikkje-levande i eit økosystem blir kalla abiotiske faktorar. Eksempel på abiotiske faktorar er vêr og klima, jordsmon, sollys, saltinnhald og andre kjemiske stoff i miljøet. 

Biotiske faktorar 

Det som er levande i naturen blir kalla for biotiske faktorar. Dyr, planter, insekt og mikroorganismar er eksempel på biotiske faktorar. Desse er avhengige av både biotiske og abiotiske faktorar i økosystemet.   

Organismane er avhengige av kvarandre 

I eit økosystem er dei levande organismane avhengige av både dei abiotiske faktorane og kvarandre for å overleve og formeire seg. Plantene er avhengige av at sopp og bakteriar bryt ned dødt organisk materiale slik at det blir til jord igjen. Plantene treng næringsstoff frå jorda for å vekse. Nokre dyr må ete planter for å overleve.  Nokre dyr er avhengige av å få næring ved å ete andre dyr. Sopp og bakteriar treng å få næring frå døde planter og dyr.   

Produsentar 

Nokre organismar kan produsere organisk materiale av uorganisk materiale. Desse blir kalla produsentar. Produsentane lagar altså næringsstoff, og det gjer dei gjennom fotosyntesen. Planter og grøne algar er produsentar i eit økosystem. Produsentane kan sjølve lage all næringa dei treng. 

Kløvereng
Grøne planter er produsentar 

Konsumentar 

Dyr kan ikkje lage sin eigen mat. Dei er avhengige av å ete planter eller andre dyr. Eit anna ord for å ete er å konsumere. Derfor kallar vi dei konsumentar. Å konsumere betyr det same som å forbruke. Derfor kallar vi desse dyra òg for forbrukarar. 

En snegle spiser et blad
Sniglar er konsumentar 

Nedbrytarar 

Nedbrytarar er organismar som lever av å ete døde dyr og planter. Bakteriar og sopp er eksempel på nedbrytarar. Nedbrytarane er viktige i eit økosystem, fordi dei bryt ned døde dyr og planter. I denne prosessen blir næringsstoffa frigjorde frå dei døde organismane. Dette vil gi næringsrik jord til nye planter. 

Bilde av en sopp i skogen
Ein sopp er ein nedbrytar 
 

Film fra Sabima om naturmangfold.
Film fra Manabua om økosystem.

Alle bilder er hentet fra AdobeStock