Informasjon om norsk grunnskule 

På oppdrag frå Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) har NAFO utvikla informasjon om norsk grunnskule. Materiellet finst på fleire språk i tillegg til norsk bokmål og kan brukast som støtte i heim-skule-samarbeidet. Informasjonen finst som tekst og lyd. Det er òg mogleg å laste ned innhaldet som eit hefte i PDF-format. 

Klikk på overskriften for tekst

Grunnskulen varer i ti år og er delt inn i barneskulen og ungdomsskulen. Barneskulen er delt inn i sju trinn, 1.–7. trinn. Ungdomsskulen er delt inn i tre trinn, 8.–10. trinn. Barn byrjar på første trinn det året dei fyller seks år, og dei blir deretter flytta opp eitt trinn etter kvar sommarferie.

Eitt skuleår varer frå midten av august til rundt 20. juni. I «Skuleruta» finn du oversikta over kva slags feriar og fridagar barna har i løpet av skuleåret. Du kan få skuleruta på skulen. Du kan også finne den på heimesidene til kommunen.

Offentleg grunnskule er gratis

Det finst både offentlege og private grunnskular. Det er kommunen som eig dei offentlege grunnskulane. Den offentlege grunnskulen er gratis. Det betyr at både undervisning, materiell og andre aktivitetar som er ein del av opplæringa, er gratis. Alle barn i skulepliktig alder har rett til å gå på ein offentleg grunnskule. Skulepliktig alder er frå 6 til 16 år.

Fråvær og permisjon

I Noreg er det obligatorisk for alle barn i skulepliktig alder å gå på grunnskulen. Det betyr at eleven må vere på skulen alle skuledagane og alle timane kvar skuledag. Foreldra kan altså ikkje bestemme sjølv når og om eleven skal ha fri frå skulen.

Skulen registrerer om elevane er til stades kvar dag. Viss ein elev er for sjuk til å gå på skulen, kan foreldra halda han eller ho heime. Foreldra har ansvar for å gi skulen beskjed når eleven er sjuk. Skulen bør få beskjed på morgonen før skuledagen byrjar. Viss eleven er sjuk over fleire dagar, bør de få sjukemelding frå lege.

Viss det er naudsynt at eleven skal ha fri frå skulen utanom dei feriane og fridagane som står i skuleruta, så må foreldra søkje om permisjon på førehand. I søknaden må det stå kvifor det er viktig at eleven får permisjon. Kommunen kan gi permisjon inntil to veker, dersom dei meiner det er forsvarleg. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til permisjon frå skulen på dei dagane trussamfunnet deira har heilagdag. Det må søkjast om permisjon for desse dagane.

Verdiane til den norske skulen byggjer på menneskerettane. At menneskeverdet er ukrenkeleg er ein viktig verdi som skal etterlevast i alt som skjer på skulen.

Alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen

Skulen skal møte elevane med tillit og respekt. Ingen elevar skal utsetjast for diskriminering eller plaging på nokon måte. Alle elevar skal oppleve å høyre til i klassen og på skulen. Alle dei tilsette på skulen skal følgje med på at elevane har det bra på skulen. Viss ein vaksen på skulen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid:

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, viss det er mogleg
  • seie ifrå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd

Viss ein elev opplever å ikkje ha det trygt og godt på skulen, har rektor ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven får det trygt og godt på skulen igjen. Dette blir kalla aktivitetsplikta til skulen.

Orden og åtferd

Skulane har reglar for orden og åtferd som elevane må følgje. I norsk skule jobbar ein med orden og åtferd ved å bruke dialog. Viss skulen meiner at ein elev ikkje følgjer reglane, vil skulen i første omgang snakke med eleven om dette. Viss eleven held fram med å bryte reglane etter denne samtalen, blir foreldra kontakta slik at de veit kva som har skjedd og kan snakke om det med barnet heime. I tillegg kan kvar klasse ha eigne trivselsreglar som elevane og læraren har laga saman. Reglane seier korleis dei vil ha det i klassen for at dei skal trivast og lære mest mogleg.


Alle elevar skal ha like høve til læring

Skulen skal gi alle elevar like høve til læring og utvikling, uavhengig av bakgrunnen og føresetnadane deira. Skulen skal ta omsyn til at elevane er forskjellige og bidra til at alle kjenner seg heime i skulen og samfunnet. Opplæringa skal gi elevane kunnskap og lyst til å lære gjennom heile livet. Skulen skal bidra til at elevane:

  • utviklar seg som menneske
  • utviklar kompetanse i faga
  • opplever fellesskap
Bilde av en dame som møter elever med åpne armer

Tilpassa opplæring

Alle elever skal få tilpassa opplæring. Elevar er forskjellige og lærer på ulike måtar. Skulen skal derfor gi opplæringa på ein slik måte at alle elevar får best mogleg utbyte av undervisninga.

Spesialundervisning

Nokre elevar har rett til spesialundervisning. Dersom foreldra eller skulen meiner at eleven ikkje har godt nok læringsutbyte, skal skulen leggje til rette for eleven og gi tilpassa opplæring. Dersom det ikkje hjelper at skulen tilpassar opplæringa, må skulen og Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i samarbeid med deg som forelder vurdere om eleven treng ekstra tiltak for å få eit godt skuletilbod. Slike ekstra tiltak blir kalla spesialundervisning. Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven arbeider etter andre læringsmål enn resten av gruppa, at eleven bruker spesielt utstyr og/eller at eleven kan få ekstra støtte av ein vaksen i skulen (i undervisninga og/eller friminutta).

Opplæringslova seier at skulen og foreldra har felles ansvar for opplæring i grunnskulen. Skulen har plikt til å samarbeide med foreldra. Samarbeidet går føre seg både på nasjonalt nivå og på den enkelte skulen.

Foreldre og barn i samtale med lærer

Samarbeid på nasjonalt nivå

Myndigheitene har etablert eit nasjonalt foreldreutval for grunnskulen og den vidaregåande skulen (FUG). FUG gir råd og rettleiing til både foreldra og skulen. Fug gir òg råd til myndigheitene i saker som handlar om samarbeid mellom heim og skule.

Samarbeid med skulen

Foreldre på skulen er med på å velje eit arbeidsutval – foreldra sitt arbeidsutval (FAU). FAU samarbeider med skulen og gir råd til rektor.

På dei fleste skular blir det valt ein klassekontakt. Klassekontakten blir valt for eitt skuleår, og skal samarbeide med lærarane på trinnet. Klassekontakten er den som tar opp saker med skulen på vegner av alle foreldra i klassen.


Samarbeid i klassen

Alle skular må arrangere eit foreldremøte i starten av skuleåret. Dei fleste har to foreldremøte i løpet av året, og nokre har fleire. Foreldremøte er felles for alle foreldra i klassen eller på klassetrinnet. På foreldremøte blir det gitt informasjon om skulen og skuleåret og rutinane på skulen. Det blir òg gitt informasjon om innhaldet i opplæringa og anna som er viktig at du som forelder får vite.

På foreldremøta kan foreldra bli kjende med kvarandre. At foreldra kjenner kvarandre, er viktig når barna skal vere saman, både på skulen og i fritida.

Foreldre betyr mykje for skulegangen til barna sine. Det er viktig at skulen og foreldra til eleven samarbeider godt for at eleven skal lukkast på skulen. Du som er mor eller far må vere med på utviklingssamtalar og foreldremøte. Det er viktig at du viser interesse for skulegangen til barnet ditt. For at skulen skal kunne leggje godt til rette for ditt barn, er det viktig at du deler naudsynleg kunnskap om barnet ditt med skulen.

Korleis kan du vise interesse for skulegangen til barnet ditt?

Det er fleire ting du som mor eller far kan gjere for å vise interesse for skulegangen til barnet ditt. Du kan:

  • snakke med barnet/ungdommen om kva de har gjort og lært på skulen
  • setje av tid slik at barnet/ungdommen får gjort lekser
  • vere tilgjengeleg for barnet ditt når det gjer lekser heime
  • vere med på arrangementa til skulen
  • ta kontakt med skulen viss du treng å spørje om noko, diskutere noko eller gi og få informasjon
En voksenperson som hjelper et barn med skolearbeid

Utviklingssamtale

Ein utviklingssamtale er eit møte mellom eleven, foreldra og kontaktlæraren. Der skal eleven, foreldra og læraren snakke om korleis det går med eleven på skulen. Målet med samtalen er å finne ut korleis skulen og foreldra kan samarbeide om å støtte og stimulere den faglege og sosiale utviklinga til eleven. Eit anna viktig mål er å finne ut korleis eleven kan arbeide sjølvstendig for å lære best mogleg.

Eleven og foreldra møter kontaktlæraren til ein utviklingssamtale minst to gongar kvart skuleår. Snakk med barnet ditt før utviklingssamtalane. Tenk gjennom om du har nokre spørsmål til skulen. Skulen har plikt til å halde kontakt med deg som forelder også utanom møta viss det er trong for det.

Ein utviklingssamtale kan haldast mellom foreldra og læraren utan barnet.

Alle som arbeider på skulen har teieplikt. Det betyr at dei ikkje kan gi informasjon til andre om personlege ting som dei har fått vite om deg eller barna dine gjennom jobben. Det er straffbart å bryte teieplikta.

Det er to unntak frå denne regelen:

  1. Dersom ditt barn har behov for ekstra hjelp eller støtte frå andre utanfor skulen, kan du gi samtykke til at skulen gir naudsynte opplysningar til den/dei som skal hjelpe barnet. At du gir samtykke, betyr at du gir skulen lov til å fortelje noko til andre. Du og skulen skal vere einige om kva som kan forteljast. Eit slikt samtykke er tidsavgrensa og du kan trekkje det tilbake når som helst.
  2. Dersom skulen har grunn til å tru at eit barn er utsett for omsorgssvikt eller står i fare for å bli skada på nokon måte, har dei tilsette på skulen plikt til å melde frå til barnevernet.

Tolk

Det er viktig at skulen og foreldra kommuniserer godt og forstår kvarandre. Nokre gongar kan det vere behov for å bruke tolk. Både skulen og foreldra kan be om å bruke tolk. Viss de har behov for tolk, til dømes på eit foreldremøte, må de gi beskjed til skulen om det på førehand. Det er skulen som skal bestille og betale tolken. Tolken har teieplikt. Det er ikkje lov å bruke barn som tolk.

Opplæringslova styrer opplæringa i grunnskulen og den vidaregåande skulen, og læreplanverket styrer innhaldet i opplæringa. Læreplanverket består av en overordna del og eigne læreplanar for faga.


Overordna del av læreplanverket

Den overordna delen av læreplanverket forklarer kva slags verdiar og prinsipp som skal prege opplæringa. Han gjeld for all opplæring i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

Den overordna delen av læreplanverket legg vekt på at elevane skal få høve til å utvikle miljømedvit, evne til kritisk tenking og etisk medvit. Elevane skal også lære kva demokrati er i praksis.

Elevane skal gradvis utvikle kunnskap og varig forståing. Dei skal reflektere over eigen læring og kunne bruke det dei har lært i ulike samanhengar. Elevane skal øve på å formulere spørsmål og å finne svar – både åleine og saman med andre. Elevane skal lære å lære. Samarbeid, nytenking og kreativitet, dømekraft og refleksjon, undring og utforsking er viktig.

en jente med en bok på hodet og en penn i munnen

Læreplanar for faga

I læreplanane for faga står det kva elevane skal lære på dei ulike trinna. Den enkelte skulen bestemmer korleis elevane skal arbeide for å oppnå måla i læreplanane.


Vurdering

Elevane skal få vurderingar undervegs frå lærarane sine allereie frå første skuleår. Desse vurderingane er viktige for at eleven skal få tilpassa opplæring. Vurderingane skal i tillegg bidra til at eleven forstår kva han eller ho sjølv kan gjere for å lære på best mogleg måte. Vurderingar undervegs i fag, orden og åtferd blir gitte heile året og vurderingar kan givast både munnleg og skriftleg til eleven.

I barneskulen får ikkje elevane vurdering med karakterar. I ungdomsskulen får elevane vurderingar både med og utan karakterar. Karakterskalaen er frå 1–6, der 6 er den beste karakteren. Alle elevar skal vurdere sitt eige arbeid, si eiga utvikling og sin eigen kompetanse. Dette blir kalla eigenvurdering.

Elevar som har andre morsmål enn norsk eller samisk, har rett til særskilt språkopplæring til dei har lært nok norsk til å følgje den vanlege opplæringa i klassen. Særskilt språkopplæring kan vere tre ting:

  • Særskilt norskopplæring – eigne timar for å lære det norske språket
  • Tospråkleg fagopplæring – eleven kan få hjelp på morsmålet til å forstå faga
  • Morsmålsopplæring – eleven kan få undervisning i morsmålet

Skulen må kartleggje norskkunnskapane til eleven for å finne ut om ho eller han har rett til særskilt språkopplæring. Dersom kartlegginga konkluderer med at eleven har rett til særskilt språkopplæring, skal det fattast eit enkeltvedtak om innhaldet og omfanget av den særskilte språkopplæringa. Du som forelder har rett til å klage på dette vedtaket.

Særskilt norskopplæring

Elevar som er nye i Noreg og ikkje kan så mykje norsk, kan få eigne timar for å lære norsk. Det finst ein eigen læreplan for dette. Etter kvart som dei lærer meir norsk, kan dei følgje vanleg undervisning i klassen, med litt ekstra støtte. Målet med særskilt norskopplæring er at eleven skal lære nok norsk til å klare å følgje opplæringa i klassen utan ekstra støtte. Det kan ta lang tid, ofte fleire år, å lære nok norsk til å ha fullt utbyte av undervisning på norsk i alle fag.

Tospråkleg fagopplæring

Samstundes som eleven lærer norsk, skal han eller ho også halde fram med å lære fag. Då kan det vere naudsynt at eleven får hjelp på morsmålet for å forstå faga. Faglærar og tospråkleg lærar samarbeider om kva eleven skal lære på morsmålet. Dette blir kalla tospråkleg fagopplæring, og inneber at eleven får opplæring i faga på to språk. Viss det er naudsynt, har eleven rett til tospråkleg opplæring.

En gutt som jobber med skolearbeid sammen med en lærer


Morsmålsopplæring

Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet, og målet er å lære meir av eige morsmål. Dette kan gjere det lettare for eleven å lære norsk. Skulen skal vurdere om eleven har behov for opplæring i morsmålet. Viss skulen finn at eleven har behov for det, har eleven rett til opplæring i morsmålet.

Innføringstilbod for nykomne elevar

Elevar som har vore kort tid i Noreg kan få tilbod om å gå i eit særskilt innføringstilbod slik at dei kan lære norsk før dei byrjar i ein vanleg klasse. Kommunen kan organisere innføringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skular. Det er frivillig å gå i eit innføringstilbod, men mange elevar klarer seg betre i ein vanleg klasse viss dei har gått i eit innføringstilbod først. Opplæringa i innføringstilbod skal sikre inkludering og eit godt læringsmiljø.

Elever sitter rundt et bord og samarbeider om skolearbeid

På alle trinn er det vanleg at elevane drar på turar, besøker museum og har ulike aktivitetar andre stader enn i klasserommet. Dette er undervisning på lik linje med det som går føre seg på skulen, og det er obligatorisk å ta del i denne.

Ved mange skular er det vanleg at elevane reiser på leirskule over fleire dagar og at elevane må overnatte. Målet med leirskuleopphaldet er at det skal styrke elevane både fagleg og sosialt. Turar som skulen arrangerer, er gratis. Viss du lurer på noko om turar eller leirskule, kan du snakke med kontaktlæraren for å få meir informasjon om korleis turen eller leirskuleopphaldet er planlagt.

Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld også for opplæring utanfor klasserommet. Det har stor verdi at alle elevane er med. Det er viktig for elevane å lære på ulike måtar, og slike turar er viktige for det sosiale fellesskapet i klassen. Er det noko som gjer at det er vanskeleg for ditt barn å vere med, må du ta det opp med kontaktlærar slik at det kan leggjast til rette for barnet ditt.

En lærer og to observerer hva de har funnet i vannet på uteskolen

Det er vanleg at elevane får med seg oppgåver som dei skal gjere heime etter skuletid. Lekser er som regel stoff som allereie er gått gjennom på skulen, og som elevane skal øve vidare på heime. Det er fint om du som forelder følgjer med og viser interesse for leksene til barnet ditt.

Alle skular har tilbod om leksehjelp. Det varierer frå skule til skule kva slags trinn leksehjelpa blir tilboden på. I nokre kommunar tilbyr frivillige organisasjonar leksehjelp. Du kan spørje skulen om kva slags tilbod som finst.

Barn og ungdom lærer når dei er på skulen, men også i fritida.

Skulefritidsordning

Alle skuler har skulefritidsordning for elevar på 1.–4. trinn. Skulefritidsordninga er eit tilbod om tilsyn, omsorg og fritidsaktivitetar før og etter skulen. Skulefritidsordninga er ikkje gratis i alle kommunar, men nokre kommunar har eit gratis tilbod.

Fritidsaktivitetar

Mange barn og ungdommar er med på organiserte fritidsaktivitetar og det kan gi mykje læring. Viss skulekameratar har felles fritidsinteresser, kan det bli lettare å få vennar og det kan bidra til å skape gode sosiale forhold for elevane. Foreldre speler ei viktig rolle også når det gjeld fritidsaktivitetane til barna deira. Ofte er det slik at foreldre samarbeider om å køyre til og frå treningar og deltar på ulike arrangement. Mange foreldre er trenarar eller bidrar på andre måtar der barna deira er med på fritidsaktivitetar. Det kan vere lurt at du som forelder snakkar med dei andre foreldra om aktuelle fritidstilbod. Mange lærarar veit òg mykje om kva elevane er med på i fritida.

Bursdagsfeiringar

Det er vanleg å invitere til bursdagsfeiring. Dette gjeld spesielt når barna går i barneskulen. Mange barn har allergiar eller andre matvanar som kan gjere det vanskeleg å vere med på slike feiringar. Det kan vere lurt å gi beskjed til andre foreldre viss det er noko barnet ditt ikkje toler eller ikkje kan ete før det skal vere med på bursdagsfeiringar. Det er vanleg å ta med ei lita gåve til den som feirar bursdag. Det kan vere ein god idé å snakke om bursdagar og bli einige om storleiken på gåver på eit foreldremøte. Det er viktig å tenke på at ingen blir haldne utanfor ved slike feiringar.

En jente sitter i klasserommet sammen  med medelever

Rett til sosialpedagogisk rettleiing

Skulen skal bidra både til den personlege og sosiale utviklinga til elevane og til fagleg utvikling og læring. Den sosialpedagogiske rådgivinga skal hjelpe elevane til å finne seg til rette på skulen. Ho skal hjelpe elevane med personlege, sosiale eller emosjonelle problem som kan ha noko å seie for opplæringa til elevane og sosiale forhold på skulen.

Hjelpa kan vere å klargjere problem og omfanget av dei og avklare kva skulen kan hjelpe til med. Elevane kan også få hjelp utanfor skulen. Den sosialpedagogiske rådgivaren kan hjelpe til med å finne og kontakte dei rette hjelpeinstansane.

Utdannings- og yrkesrettleiing

Rådgivarar ved ungdomsskulen skal gi eleven og foreldra informasjon om kva slags vidaregåande opplæring eleven kan søkje på.

Utdannings- og yrkesrettleiinga skal hjelpe elevane til å bli bevisste på sine eigne verdiar, interesser og føresetnadar. Dette skal gi elevane sjølvinnsikt og auka evna deira til å gjera gode utdannings- og yrkesval. Rådgivarane skal hjelpe elevane med å vurdere konsekvensane av vala dei tar og dei skal førebyggje feil val av utdanning eller yrke.

Elevane skal få informasjon og rettleiing om:

  • val av yrke
  • høve til utdanning i Noreg og andre land
  • arbeidsmarknaden nasjonalt og internasjonalt
  • bruk av ulike rettleiingsverktøy

Overgang til vidaregåande skule

Ungdommar som har fullført grunnskulen, har rett til vidaregåande opplæring. Medan elevane går på 10. trinn søkjer dei seg til vidaregåande opplæring.

Elevar som kjem til Noreg på slutten av ungdomstrinnet, kan ha trong for meir grunnskuleopplæring før dei byrjar i vidaregåande opplæring. Nokre kommunar tilbyr eit ekstra år i grunnskulen. Andre stader kan elevane gå på grunnskule for vaksne eller i eit innføringstilbod på ein vidaregåande skule. Mange stader er det såkalla kombinasjonsklassar der unge får meir grunnskuleopplæring på ein vidaregåande skule.

Alle foto er hentet fra shutterstock.com