Mesopotamia
Elvane Eufrat og Tigris ligg i dag i landa Tyrkia, Irak og Syria. For 6000 år sidan heitte store delar av desse områda berre Mesopotamia, som betyr «landet mellom elvane».
I området har klimaet alltid vore varmt og godt, men óg veldig tørt. Likevel er det frå dette området mykje av frukta som blir selt i Noreg kjem frå. Området er fruktbart. Korleis kan det vere så tørt, og samstundes så fruktbart?
Som du sikkert har gjetta, er det elvane som er forklaringa. Utan dei store elvane hadde området hatt meir ørken, og dermed ville nesten ingenting vakse der.
Om våren når snøen i fjella smelta vart elvane oversumde. Vatnet steig og flauma over sine breidder. Då vatnet søkk og elvane vart tilbake til si normale breidde, låg det fruktbart slam att på jorda. Dette slammet inneheldt god og næringsrik jord.
Folket i Mesopotamia utvikla mange gode teknikkar og reiskapar for å utnytte vatnet på best mogleg måte. Med alt vatnet dei hadde kunne dei gjere jorda fruktbar og dyrke nesten det dei ville. I tillegg var det mykje fisk i elvane.
Dei fyrste bøndane
Folket som budde i Mesopotamia var dei fyrste jordbrukarane. Dei var dei fyrste som byrja å dyrke kveite. Ved å ploge, vatne og gjødsle jorda oppdaga dei at jorda vart veldig fruktbar. Dette førte til at dei kunne hauste kveitekorn fleire gonger i løpet av eit år. Større avlingar og meir mat gjorde at dei til og med kunne samle og lagre maten til seinare bruk. Til å hjelpe seg med arbeidet, bruka dei dyr som okse og hest. Folket i Mesopotamia var dei fyrste som byrja med husdyr.
Det var mykje å leve av i Mespotamia, og det førte til at mange valde å flytte dit. Slik oppstod dei fyrste byane i verda for mange tusen år sidan. Etter kvart vart byane godt organisert. Dei hadde òg skular og militærvesen. Mesopotamia er kjend for templa sine, som vert kalla zigguratar, og andre fantastiske byggverk. Folk hadde fleire forskjellege yrke. Nokre kallar folk i Mesopotamia for det fyrste kulturfolket.
Oppfinningar
Heilt sør i Mesopotamia låg landet Sumer. Sumerane gjorde fleire viktige oppfinningar, mellom anna i matematikk og geometri. Dei laga eit talsystem med 60 som grunntal. Vi brukar noko av det i dag. Ein time har 60 minuttar og eit minutt har 60 sekundar. Sirkelen delar vi inn i 360 gradar.
Talsystem med 60 som grunntal.
Mellom 3500 og 3000 f. Kr. utvikla dei eit skriftsystem som blei kalla kileskrift. Fyrst var kileskrifta ei biletskrift. Den vart etterkvart forenkla, og bilete blei erstatta med teikn. Sumerane skreiv på leirtavler og i stein. Skrivekunsten spreidde seg østover og vestover til mellom anna Egypt. Andre oppfinningar er til dømes hjulet og plogen. I tillegg satte dei kjøl på båtane sine, slik at dei ikkje velta så lett. Deretter byrja dei å bruke segl, slik at dei slapp å ro heile tida.
Byar
Sumerane bygde flotte byar. Den største byen i Sumer heitte Uruk. Byen Ur var ein anna viktig handelsby med tilknytning til havet. Kvar by var ofte ein eigen stat med eigen konge. Kongane hadde mykje makt, då dei òg var religiøse leiarar. I byane budde kongen, tenarane hans, prestane og handverkarane.
Det var ofte murar rundt heile byen for å beskytte han mot fiendar. Bøndene som budde i områda rundt byen måtte betale skatt til kongen i form av korn, kjøtt, fisk og grønnsaker. Sumerane brukte ikkje penger for å skaffe seg varer. Dei bytta til seg varer som dei hadde bruk for. Kjøpmenn segla til utlandet og bytta til seg kobber og gull. Handverkarane bytta til seg mat mot varer som keramikk, smykke, klede og ulike bruksgjenstandar.
Viktige ord i teksten
å organisere
betyr å ordne noko slik at det dannar ein naturleg heilskap.
å samle
betyr å setje saman, sanke, plukke til eit bestemt formål.
å lagre
betyr å oppbevare til seinare bruk.
å forenkle
betyr å gjere noko enklare.
å oppstå
betyr at noko blir til, det byrjar eller kjem opp.
å utnytte
betyr å ha nytte av noko, bruke det til noko som gjev deg noko.
å dyrke
betyr å produsere noko, til dømes plantar.
å bytte til seg
betyr å gi noko og få noko anna i staden for.
å hauste
betyr å ta inn avlinga, det som er dyrka.
å overflaume
betyr å setje under vatn, vatnet flaumer over.
å stige/ å søkke
å stige betyr at noko aukar eller går oppover. Å søkke betyr at noko minskar eller går ned.
å gjødsle
betyr å tilsetje jorda stoff med høg næringsverdi for at plantane skal vakse betre.
Illustasjon kart: Ill: Karl Musser, translated labels by User:Mathias-S, CC BY-SA 2.5, via Wikimedia Commons