Val og politiske parti

Denne teksten om Val og Politiske parti finst på fleire språk. Teksten er henta frå Zmekk.no og omsett til fleire språk av morsmål.no etter avtale med Bergen kommune. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå åleine, men at dei kan brukast i innleiing til arbeid med temaet.

Teksten kan, til dømes, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Bla nedover for å finne fleire ressursar.

Nora har nettopp fylt 18 år og kan røyste ved valet. Ho er usikker på kva for eit parti som passar best for henne.

Det finst mange ulike politiske parti. For å finne ut kva for eit ho skal røyste på, les Nora partiprogramma. Partiprogram er oversikter som partia lagar for å vise kva dei meiner og kva dei vil jobbe for å få til. I tillegg følgjer Nora med i avisene og på TV før valet. Der møtest leiarane av dei ulike partia i debattar der dei diskuterer viktige politiske saker. Kvart parti prøver å overtyde publikum om at dei bør røyste på dei.

Det er val kvart andre år i Noreg, og det finst to ulike typar val. Annankvar gong er det Stortingsval og annankvar gong lokalval. Alle norske statsborgarar over 18 år kan røyste ved Stortingsvalet, og ved lokalvalet kan alle over 18 år som har budd i Noreg i minst 3 år røyste.

I Stortingsvalet røystar ein på kva for eit parti som skal få flest representantar på Stortinget. Dei partia som får flest røyster dannar ei regjering og blir einige om ein statsminister. Stortinget og regjeringa bestemmer i viktige saker som handlar om heile landet.

Ei av dei viktigaste sakene for Nora er at det skal byggjast fleire sykkelvegar i lokalmiljøet hennar. Slike lokale saker arbeider ikkje Stortinget og Regjeringa med. Derfor har Noreg eit lokaldemokrati. Dei lokale politikarane har nær kontakt med innbyggjarane og kan lytte og tilpasse politikken til det folk treng.

Illustasjon av en jente på sykkel foran lokalpotitikere
Lokaldemokrati

Noreg er delt inn i fylke, og kvart fylke er delt inn i mange små og store kommunar. I lokalvalet vel ein fylkesting og kommunestyre. Fylkestinga styrer fylka og hjelper alle kommunane med å samarbeide. Fylket har også ansvar for blant anna vidaregåande skular, museum og tannhelsetenesta for alle som bur i fylket.

Kommunestyra bestemmer i kommunane. Dei partia som får flest røyster får plassar i kommunestyret. Kvart kommunestyre vert leia av ein ordførar. Kommunen har ansvar for mellom anna skular, sjukeheimar, sosialhjelp, barnehagar og vegar. Det er kommunestyret som bestemmer om det skal byggjast fleire sykkelvegar, slik Nora ynskjer seg.

Nora finn det partiet som er mest oppteke av sykkelvegar og røystar på dei ved lokalvalet. Viss dei får nok røyster kan dei byggje nye sykkelvegar i kommunen.

Bilde viser en ordfører med kommunestyret
Ordførar i kommunestyre

Ordliste

Partiprogram – Oversikt over kva eit politisk parti meiner og vil jobbe for
Stortingsval – Val av kva politiske parti som skal få plass på Stortinget og danne regjering
Lokalval – Val av Fylkesting og kommunestyre
Fylke -Eit geografisk område. Fylka er delt opp i kommunar.
Kommune – Eit geografisk område. Noreg har mange hundre kommunar.

Les mer på Zmekk.no