Dom og straff

Denne teksten om Rettsstaten finst på fleire språk. Teksten er henta frå Zmekk.no og omsett til fleire språk av morsmål.no etter avtale med Bergen kommune. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå åleine, men at dei kan brukast i innleiing til arbeid med temaet.

Teksten kan, til dømes, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Bla nedover for å finne flere ressursar.

Ein morgon oppdagar Erik at nokon har stole bilen hans. Han får tips om at det er Jonas som er tjuven.

Når nokon bryt lova er det politiet sin jobb å etterforske saka. Det betyr at dei prøver å finne ut kva som har skjedd. Dei snakkar med menneske som har sett eller høyrt noko, og undersøkjer åstaden, som er plassen der den kriminelle handlinga fann stad.

Politiet trur dei kan bevise at Jonas har stole bilen. Derfor blir det halde ei rettssak, der det skal avgjerast om dette er rett. Rettssaka vert halde i ein domstol. Det finst fleire typar domstolar i Noreg. Den lågaste domstolen heiter Tingretten. Her skal aktor, som er politiet sin representant i rettssaka, prøve å bevise at Jonas er skuldig. Jonas har med seg ein advokat som skal forsvare han i rettssaka. Både aktor og forsvarar har med seg vitne som skal hjelpe dei til å få fram kva som har skjedd.

Det er dommarane som bestemmer om Jonas er skuldig eller ikkje, og kva for straff han skal få. Dommarane er ekspertar på lover og reglar.


Dersom Jonas og forsvararen hans ikkje er nøgd med resultatet, kan dei anke saka frå tingretten til lagmannsretten. Dette kan også aktor gjere. Då vert det ei ny rettssak. I lagmannsretten har ein i tillegg til dommarane ein jury. Dette er vanlege folk som er med på å bestemme om tiltalte er skuldig og kor lang straff ein bør gje.

Det finst endå ein domstol i Noreg som heiter Høgsterett. Den finst det berre ein av, og hit kan ein berre anke heilt spesielle saker. Til dømes dersom ein meiner grunnlova eller menneskerettane er brotne..


Det finst fleire ulike typer straff for å bryte lova. For små lovbrot er det vanleg å betale ei bot. Då betaler ein pengar til staten som straff. Ein kan også bli dømt til å jobbe gratis for samfunnet i ei periode. Det vert kalla samfunnsteneste. Meir alvorlege lovbrot vert straffa med fengsel.

Det finst ikkje dødsstraff eller livstidsstraff i Noreg. Den strengaste straffa ein kan få i Noreg er fengsel i 21 år. Men nokre fangar er for farlege til at ein kan sleppe dei ut i samfunnet igjen etter 21 år. Då kan dei bli dømde til forvaring, og slepp ikkje ut før det er trygt for samfunnet. Born under 15 år kan ikkje få fengselsstraff i Noreg.


Ordliste

Ordliste
Etterforske 
Undersøkje kva som har skjedd
Åstad
Der noko ulovleg har skjedd
Dommar
Den som avgjer om lova er broten i ei rettsak
Anke
Søkje om å få ei ny rettssak

Tekst og bilde er gjengitt og oversatt med tiltatelse fra Bergen kommune og zmekk.no