Kva er demokrati?
Demokrati tyder folkestyre. Men kva vil det seie at eit land er demokratisk? Er det nok at alle har røysterett, eller handlar det om noko meir?

Ulike typar demokrati
Dei fleste land i verda kallar seg demokratiske. Mange av desse landa har eit demokrati som fungerer dårleg. I nokre tilfelle kan me kalle desse for skinndemokrati. Dette er land som prøver å framstå som demokrati ved til dømes å halde val, men som ikkje kan kallast demokrati på grunn av til dømes omfattande valfusk, manglande politiske rettar, eller at det er nokon andre enn dei folkevalde som eigentleg styrer landet.
Det er hovudsakleg to ulike måtar å organisere eit demokrati på: direkte demokrati og indirekte demokrati (òg kalla representativt demokrati).
Direkte demokrati
Direkte demokrati er demokrati der politiske spørsmål vert avgjort direkte av folket i folkerøystingar. Ingen land er i dag reine direkte demokrati, men nokon nyttar folkerøystingar oftare enn andre. I Noreg vart det sist halde folkerøysting på nasjonalt nivå i 1994 då det norske folket stemte nei til medlemskap i EU.
Indirekte demokrati
Indirekte eller representativt demokrati er demokrati der folket vel representantar som styrer landet for dei. Alle moderne demokrati vert styrt hovudsakleg på denne måten.

Ordet demokrati er sett saman av dei greske orda demos (folk) og kratos (styre) og tyder folkestyre. Idéen om at alle skal kunne påverke korleis samfunnet skal styrast, byggjer på ein tanke om at alle menneske har lik verdi, slik det vert uttrykt i artikkel 1 i FN si fråsegn om menneskerettane:
«Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.» (Verdserklæringa om menneskerettar, 1948, art. 1).
Her skal me fyrst og fremst ta for oss demokrati som ei styreform i eit land. Me kan òg finne demokrati, eller noko som liknar på det i idrettsklubbar, bedrifter, på skulen, i familien og i vennegjengen.
Dei fleste forbind kanskje ordet demokrati med land som har politiske val med røysterett for alle vaksne innbyggjarar. Men kva tyder det at folket styrer i eit land? For å finne ut av det skal me sjå nærare på tre viktige prinsipp som må vere på plass for at eit land skal kunne kalle seg demokratisk:
- like demokratiske rettar
- like demokratiske moglegheiter
- vern om einskildmennesket og minoritetane sine interesse
Like demokratiske rettar
Det mest grunnleggjande dersom eit land skal kunne kalle seg demokratisk, er at alle har like demokratiske rettar. «Alle» vil som regel seie alle vaksne som har statsborgarskap i landet. Like demokratiske rettar vert sikra gjennom røysterett, ytringsfridom og foreiningsfridom.
Røysterett
Røysterett er kanskje den mest sentrale politiske retten i eit demokrati. I Noreg har til dømes alle norske statsborgarar over 18 år røysterett ved stortingsvala. Det finst mange døme på at ulike grupper i samfunnet ikkje har hatt røysterett. Kvinner, fattige og ulike etniske grupper har til dømes vore utestengt frå å delta i val i dei fleste land – dette òg i Noreg. I nokre land er det slik framleis. Slike avgrensingar av røysteretten gjer eit land mindre demokratisk.
For at røysteretten skal ha noko verdi er det viktig at valet er organisert på ein måte som vert oppfatta som demokratisk og rettferdig. Dessutan må ein ha ordningar som hindrar juks og manipulering, såkalla valfusk. Resultatet av valet må òg ha noko å seie for politikken som vert ført i landet. Det betyr at dei folkevalde må sitje med makta. Det hjelper ikkje med politiske val dersom det er nokon andre enn dei folkevalde som har den reelle makta i landet.

Ytringsfridom og foreinigsfridom
Politisk påverknad er meir enn røysterett. I tillegg har alle i eit demokrati rett til å engasjere seg politisk. Det gjeld uansett alder. Me kan skrive lesarinnlegg i ei avis, gå i demonstrasjonstog, starte ei underskriftskampanje eller melde oss inn i ei fagforeining eller eit politisk parti, og stille til val som politikar. For å sikre dette har me foreiningsfridom og ytringsfridom. Dette er rettar alle har i eit demokrati.
Like demokratiske moglegheiter
Eit velfungerande demokrati må ha som mål at flest mogleg deltek i demokratiet. Når du røyster ved eit politisk val, gjev du i prinsippet frå deg makta til dei du røyster på for ein periode. I Noreg er desse periodane på fire år. Det tyder at dei som vert valt, får meir makt enn andre, men for å hindre at dei folkevalde misbrukar den makta dei får, må den avgrensast.
For å sikre mest mogleg like demokratiske moglegheiter må me altså få flest mogleg til å delta i demokratiet og samstundes avgrense makta til dei folkevalde. Det finst fleire måtar å gjere dette på. Me skal sjå på nokre av dei.
Auka valdeltaking
Sjølv om alle har like rettar til å delta og påverke politisk, tyder ikkje det at alle gjer det i praksis. For det fyrste kan folk la vere å røyste ved val. Ved stortingsvalet i 2021 var det over 20 % av veljarane som ikkje nytta røysteretten sin. I praksis er det vanskeleg å få alle til å røyste, men det er eit mål for eit demokrati som Noreg at flest mogleg røyster ved val.
Kunnskap og tilgang til informasjon
For at folket skal forstå det politiske systemet og halde seg oppdatert, er det nødvendig med kunnskap og tilgang til informasjon. I ein del land er det vanskeleg å få til demokrati på grunn av mykje analfabetisme, det vil seie at mange ikkje kan lese eller skrive. Difor er retten til utdanning ein viktig føresetnad for at demokratiet skal fungere.

I tillegg til å gå på skule må ein òg kunne følgje med i politikken som vert ført i landet. Eit demokrati treng frie og uavhengige medium som kan rapportere om kva som skjer, formidle ulike meiningar og avsløre kritikkverdige forhold i samfunnet utan å verta sensurert. Når alle har tilgang til skule og media, har òg alle moglegheit til å delta i demokratiet.
Maktfordeling
Stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemar har meir politisk makt enn folk flest. Slik må det vere i eit representativt demokrati der me vel nokon som skal styre landet på vegner av oss. Men det finst fleire måtar å avgrense denne makta på slik at me unngår maktmisbruk. Dei fleste demokratia følgjer det såkalla maktfordelingsprinsippet. Det vil seie at staten sine viktigaste oppgåver er fordelt på tre ulike institusjonar.
|
Type makt |
Oppgåve |
Institusjon |
|---|---|---|
|
Lovgjevande |
Vedta lover og budsjett |
Den folkevalde forsamlinga (i Noreg: Stortinget) |
|
Utøvande |
Sørgje for at det den lovgjevande makta vedtek, vert utført |
Regjeringa |
|
Dømande |
Tolke lovene og døme etter lovene |
Domstolane |
Fordeling av makt mellom ulike personar eller institusjonar vert ofte brukt på fleire område enn denne tredelinga av staten. I Noreg har me til dømes overlatt ein del lokal makt til lokale styre i kommunar og fylkeskommunar. Det motsette av ei slik maktfordeling vil vere eit diktatur, der all makt ligg hjå éin person.
Hindre korrupsjon og habilitetsbrot
Dersom nokon får mykje politisk makt på grunn av at dei har mykje pengar eller fordi dei er nær ven eller i familie med nokon i regjeringa, kan dette verte eit problem for demokratiet. Sjå for deg at ein rik næringslivsleiar gjev politikarar pengar for at dei skal røyste for ei sak som bedrifta vil tene pengar på. Dette vert kalla korrupsjon og er ulovleg. Eit velfungerande demokrati har lite korrupsjon.
Dersom ein politikar tar avgjersler for at hen sjølv, ein nær ven eller eit familiemedlem skal tene på det, gjer politikaren eit habilitetsbrot. Om det til dømes dukkar opp ei sak på næringsministeren sitt bord der ein nær ven eller slektning er innblanda, skal ministeren erklære seg sjølv inhabil. Det vil seie at ein seier i frå om at ein ikkje kan arbeide vidare med saka på grunn av for sterke band til nokon som på ein eller annan måte er innblanda i saka. Dersom ein i regjeringa ikkje melder frå i slike tilfelle, og dermed bryt habilitetsreglane, fører det gjerne til at hen må forlate regjeringa. I grove tilfelle kan det òg vere straffbart.
Lover mot korrupsjon og habilitetsbrot skal altså hindre at nokon får mykje makt berre fordi dei har mykje pengar eller fordi dei kjenner nokon med makt.
Om innhaldet i filmen nedanfor
Den korte filmen nedanfor tek opp spørsmål om habilitet og tillit til politikarane. Filmen er på norsk, og her kjem ei forklaring på innhaldet:
Sjå for deg at det skal byggjast ein motorveg der du bur. Denne vegen kjem til å gå rett gjennom hagen til ordføraren sin bror. Plutseleg ombestemmer ordføraren seg og seier nei til å byggje vegen. Han seier at det er fordi vegen er dårleg for miljøet. No er det vanskeleg å vite om ordføraren seier nei til vegen for å beskytte miljøet, eller om den eigentlege grunnen er å beskytte broren sin hage. På grunn av denne usikkerheiten er ordføraren inhabil i saka, og kan difor ikkje arbeide vidare med saka om denne motorvegen. Kommunen må finne ein annan som erstattar ordføraren i denne saka. Politikarane må sørgje for at folk kan ha tillit til at når dei bestemmer noko, er det fordi dei meiner at det dei bestemmer er det beste for samfunnet.
Vern om einskildmennesket og minoritetar sine interesser
I eit demokrati er det fleirtalet som bestemmer. Men kva om fleirtalet bestemmer at dei skal forfølgje einskildpersonar eller spesielle grupper i samfunnet? Kanskje nokon vert fråtatt huset sitt, røysteretten, ytringsfridomen eller statsborgarskapet? Kanskje nokon hamnar i fengsel eller vert avretta utan rettsak? Heile grupper i samfunnet kan verte hindra frå å utøve sin religion eller kultur. Minoritetsgrupper kan til og med verte forsøkt utrydda. Alt dette skjer i dag i fleire land som kallar seg demokratiske. Difor treng einskildmenneske og minoritetsgrupper rettar som skal forhindre overgrep og diskriminering.

Rettstryggleik
Rettstryggleik er eit viktig prinsipp i eit demokrati og skal beskytte einskildpersonar frå å verte uskuldig dømt eller utsatt for ulovlege handlingar. Her er nokre av prinsippa som bør vere på plass for å ha rettstryggleik:
- Alle avgjersler som vert tatt av myndigheitene skal følgje lovene i landet.
- Ein skal ikkje straffast utan dom.
- Ein har rett til å få prøve saka si i ein nøytral domstol.
- Ein vert rekna som uskuldig inntil det motsette er bevist.
- Alle er like for lova; det skal ikkje vere urettferdig forskjellsbehandling.
- Alle partar i ei sak skal ha moglegheit til å seie si meining i saka .
Rettar som beskyttar minoritetar
I FN sine menneskerettar er vern av minoritetar og utsette grupper sentralt. Urfolk har eit særskild vern. Urfolk er folkegrupper som skil seg frå majoriteten i eit land, og som har eksistert i landet lenge før landegrenser og staten vart etablert. Urfolk har som regel vorte utsett for diskriminering og overgrep frå myndigheiter og majoritetsbefolkning. Urfolk sine rettar skal sikre at slik diskriminering og overgrep ikkje skjer, og bidra til at urfolk kan bevare sin eigen kultur og sitt eige språk.
I Noreg har me eit urfolk: samane. Men me har òg fem såkalla nasjonale minoritetar: kvenar/norskfinnar, skogfinnar, jødar, romfolk og romanifolk/taterar. Dette er etniske grupper med eigen kultur som har lang tilknyting til eit land.
I eit demokrati skal ingen verte utsett for diskriminering eller forfølging uansett årsak. I Noreg har me eigne lover som beskyttar oss mot å verte diskriminert på grunnlag av til dømes religion, etnisitet, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller funksjonsnedsettingar.
Rettar som beskyttar minoritetar er nødvendige for å minne oss om det som er sjølve grunnlaget for demokratiet, nemleg at alle menneske er fødd frie og med same menneskeverd og menneskerettar.
Arbeidsoppgåva inneheld sentrale ord i den norske teksten.
- Omset orda ved hjelp av LEXIN eller på ein annan måte.
- I høgre kolonne er ordet nytta i ein setning som finst i teksten. Omsett eller forklar kva setninga tyder.




