Samane
Det finst mellom 60 000 og 70 000 samar. I Sverige bur det cirka 17 000 samar, i Finland bur det cirka 7500 samar og i Russland bur det cirka 2000 samar. Det bur cirka 40 000 samar i Noreg. Dei fleste bur nord for Saltfjellet eller i store byar, som for eksempel Oslo.

Samane er urfolk
Samane er urfolk. Det betyr at samane har budd i dei nordlege delane av Noreg, Finland, Sverige og Russland veldig lenge. Dei budde der allereie før grensene mellom landa blei bestemt.
Urfolk har ofte sin eigen kultur som er forskjellig frå resten av landet dei bur i. Det finst mange urfolk i verda. For eksempel er kurdarane urfolk i Iran, Irak, Syria og Tyrkia.
Reinkappkøyring
Kappkøyring med reinsdyr er ein populær idrett mellom samar som har reinsdyr. I nokre konkurransar har idrettsutøvaren ski på beina og heng i eit tau etter reinsdyret. I andre konkurransar sit idrettsutøvaren på ei slede som heng fast bak reinsdyret. Dei raskaste reinsdyra spring i 60 kilometer i timen. Det blir arrangert både noregsmeisterskap og nordisk meisterskap i reinkappkøyring.

Samane sin nasjonaldag
Samane sin nasjonaldag er 6. februar. Nasjonaldagen er felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen blir feira for å markere det første samiske landsmøtet som blei halde 6. februar 1917 i Trondheim. Då møttest samar frå Noreg og Sverige for første gong for å arbeide saman for felles samiske saker.
Samane sin nasjonaldag er ein offisiell flaggdag i Noreg, og dagen blir markert og feira med det norske og det samiske flagget. Dagen blir feira mange stader i Noreg. I Tromsø feirar dei ei heil veke med ulike aktivitetar som for eksempel konsertar og reinkappkøyring. Samane sin nasjonalsong er
Sámi soga lávlla, som betyr Samefolkets song.
På samane sin nasjonaldag seier vi «Lihku beivviin!». Det betyr «Gratulerer med dagen!»
Det samiske flagget

Motivet på flagget er inspirert av samisk folkedikting, og samane blir framstilte som søner og døtrer av sola. Sirkelen i flagget symboliserer sola og månen. Det er Sametinget som bestemmer over bruken av det samiske flagget.

Samiske språk
Samisk språk er ikkje eitt språk, men ei språkgruppe som består av elleve ulike språk. Samisk språk er i slekt med finsk, estisk og ungarsk. Nordsamisk er den største samiske språkgruppa. Samar i både Noreg, Sverige og Finland bruker nordsamisk. Sørsamisk er ikkje lenger daglegspråket i så mange familiar. Det er litt betre for lulesamisk, fordi det er fleire barn som lærer lulesamisk både heime og på skulen.
Bures (uttalast Bores) betyr Hei på nordsamisk.
Lavvo og pulk er samiske ord som vi bruker på norsk.





