La frøet spire!

La frøet spire!

I denne boka lærer du om frø.
Du får vite kva eit frø er, og kva som skjer når frøet tek til å vekse.
Før du les boka, er det lurt å sjå på frø og utforske dei.
Utforsk
- Kva frø har du sett?
- Kor var frøa? Var dei inne eller ute?
- Kvifor trur du frø ser ulike ut?

Vi kan finne frø mange stader. Frøa kjem frå naturen.
Det kan vere frø i maten vi et. Mange et brød med frø.
På jordbæret sit frøa utanpå, og i eplet ligg frøa inni.
Både menneske og dyr et frø fordi dei inneheldt mykje næring.

Frø kan ha ulike former.
Erter er runde, og graskarfrø er flate.
Nokon frø kan vere krokete eller lange.
Frøet til løvetann har ei spesiell form.
Det gjer at frøet kan fly i lufta.

Kva er eit frø? Frøet består av eit skal, ei kime, og næring.
Skalet beskyttar kimen. Kimen nyttar næringa for å spire.
Frøet er starten på ei ny plante.

Vi kan så frø i jord. Frø treng vatn, riktig temperatur og luft for å spire.
Vatnet gjer frøet fuktig. Då svell frøet, og skalet vert mjukare.
Når skalet vert mjukt, kan kimen kome ut av skalet. Frøet spirar.
Frøet kan verte til ein blome, ei frukt, ein grønsak, eller ein annan plante.

Den fyrste delen som kjem ut av frøet er rota.
Rota veks ned i jorda. Rota sug til seg vatn.
Den heldt planten fast i jorda.
Når planten kjem opp av jorda, får den stengel og blad.
Stengelen løftar blada opp mot lyset. Blada lagar næring med hjelp frå sollyset.

Nokon frø spirer fort. Andre frø ventar i mange år før dei tek til å spire.
Nokon frø kan spire utan lys.
Når frøet spirar, tek ein ny plante til å vekse.
Det er slik frø veks og vert til plantar.
Tenk og snakk:
Kva er oppgåva til rota, stengelen og blada?
La frøet spire!
Illustrasjoner: Mari Helén Holum
Oversettelse til norsk (nynorsk): Solveig Elvik
Korrektur og lyd på norsk (nynorsk): Margareth Moberg
Copyright © 2026 · NAFO
Lisensiert under en CC BY-NC-ND 4.0 Navngivelse-IkkeKommersiell-IngenBearbeidelser 4.0 Internasjonal lisens.



Du finner flere flerspråklige faktabøker gratis på morsmål.no ![]()
Der finner du også tilleggsressurser og lydstøtte til faktabøkene.
Copyright © 2026 · NAFO
Lisensiert under en CC BY-NC-ND 4.0 Navngivelse-IkkeKommersiell-IngenBearbeidelser 4.0 Internasjonal lisens.
Lær mer
-
Ordkort: La frøet spire! // Ordkort: Lat frøet spire!
Ordkort til «La frøet spire!» Skriv ut kortene tosidig for tospråklig versjon. Tekst og lyd på nett.
-
Tips til språkutviklende aktiviteter (ekstern lenke)
På NAFOs hjemmeside har vi samlet tips til ulike språkutviklende aktiviteter som kan brukes uavhengig av fag.










