KORLEIS MYGGEN KOM TIL SÁPMI

forrige
neste
Oversiktsbilde av et lite samfunn som lever nede ved el elv. Flere folk og dyr lever der.

For lenge sidan, langt mot nord, i Sápmi, budde det fleire familiar saman i ein siida, ein liten landsby. I siidaen budde det ein Áhkká, ei gammel kone. Ho budde i ei jordgamme saman med familien og hunden Ránne, som borna elska å leike med. Gamma låg ved sidan av ei elv, der familien henta vatn og fiska.

forrige
neste
En gammel dame ser opp mot himmelen. På himmelen er en sekk.

Ein dag då Áhkká var nede ved elva for å hente vatn, opna himmelen seg, og jordas skapar kom ned til ho.

Jordas skapar hadde nettopp skapt myggen og putta heile myggsvermen i ein sekk og knytte den stramt igjen med dobbeltknute. Han gav sekken til Áhkká, utan å fortelje ho kva som var inni den, og bad ho om å passe godt på den.

Áhkká takka for tillita og tok imot sekken. Ho lova at ho aldri skulle opne den eller gje den til nokon andre.

forrige
neste
Bildet viser en dame i tre ulike aktiviteter. Hun sover og har en sekk under hodet. Hun spikker på en pinne med sekken ved siden av seg, og hun gjør et typisk samisk håndarbeide med sekken ved siden av seg.

Áhkká tok med seg sekken til gamma og passa godt på den slik at verken borna eller hunden fekk tak i den. Derfor hadde ho den med seg overalt. Ho tok den med seg ut når ho skulle jobbe, og når ho skulle sove, la ho den under hovudet og brukte den som hovudpute. Men heile tida kunne ho høyre at noko i sekken summa og laga lyder. 

forrige
neste
En gammel dame sitter i et nordlig landskap. Hun holder en sekk i hånden og hysjer på den.

Áhkká var veldig nysgjerrig på kva som summa i sekken. Ho ville gjerne kike, men hugsa at ho hadde lova å ikkje opne den.

Myggen heldt liv og røre i sekken døgnet rundt, og Áhkká blei stadig meir lei av summinga.  

– Ver så snill, ver stille, hysja ho på sekken. Men myggen var ikkje skapt for eit liv i fangenskap. Dei fortsatte å summe og svirre natt og dag. Det var aldri fred å få. 

forrige
neste
Damen sitter med sekken i fanget. Hun har åpnet sekken og ut flyr noen få mygg.

Til slutt heldt ho ikkje ut lenger, ho måtte finne ut kva som lagde lydene i sekken.

– Det ville vel vere både rett og rimeleg å få vite kva eg eigentleg passer på, tenkte Áhkká.  Ho løsna forsiktig på snora rundt sekken, slik at ho kunne sjå kva som var inni den.

forrige
neste
Damen løper etter mygg som flyr. Hun holder sekken i hånden.

Før ho visste ordet av det, flaug det mygg ut av sekken. Myggen sverma til alle kantar og stakk både menneske og dyr!

Áhkká ble heilt forskrekka! Ho sprang etter myggen og prøvde å fange dei i sekken igjen, men det var heilt umogleg, fordi dei var så veldig mange og så bittesmå.

Myggen var fri! 

forrige
neste
Et landskap som viser en elv, fjell, reisdyr, rev, fugl med en mygg i munnen og en gammel dame som vifter bort mygg.

Den gongen då jordas skapar ba Áhkká om å passe på sekken, skjønte han at ho fort ville verte lei og sleppe myggen fri. 

Sjølv om mygg kan vere plagsomme for menneske og dyr, er dei også nyttige. For fugl og fisk er mygg nødvendig mat, og myggen hjelper blomar og andre vekstar med å spreie seg.

Myggen er også samenes biigá, samenes gode hjelpar. Dei hjelper til med å samle reinflokken ved å jage reinsdyra til høgfjellet.

forrige
neste
En hund "smiler" Rundt den er det mange mygg. En mygg har to staver i "hendene". En mygg sitter på snuten til hunden.

Heilt sidan den gongen Áhkká opna sekken, og myggen kom seg ut, har myggen kome tilbake til Sápmi kvar einaste sommar.

Det seiast at myggen alltid kjem tilbake innan Sankthans, om den så må ta stavar til hjelp for å kome fram.

Og slik gjekk det til at myggen kom til Sápmi!

forrige
neste

Illustrasjonar: Gunnlaug Ballovarre

Forsidedesign: Mari Helén Holum

Utgjeven av Nasjonalt senter for samisk i opplæringa og Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring

Den samiske forteljartradisjonen har blitt tatt vare på gjennom munnleg overlevering i fleire generasjonar. Denne versjonen av forteljinga er ei gjendiktning av eit tradisjonelt samisk eventyr. Enkelte ord i denne forteljinga er på nordsamisk.

Omsetjing til norsk (nynorsk): Solveig Elvik

Korrektur og lyd på norsk (nynorsk): Else Pedersen

ISBN:

Copyright © 2026 · Nasjonalt senter for samisk i opplæringa · Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring

Lisensiert under en CC BY-NC-ND 4.0 Navngivelse-IkkeKommersiell-IngenBearbeidelser 4.0 Internasjonal lisens.

Du finn fleire fleirspråklege forteljingar gratis på morsmål.no/forteljingar morsmal logo
Der finn du òg tilleggsressursar og lydstøtte til forteljingane.

Copyright © 2026
Nasjonalt senter for samisk i opplæringa
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring

Lisensiert under en CC BY-NC-ND 4.0 Navngivelse-IkkeKommersiell-IngenBearbeidelser 4.0 Internasjonal lisens.